Hilde Heltberg

Hilde Heltberg
Fødd30. september 1959
FødestadOslo
Død4. september 2011 (51 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar, plateartist

Hilde Heltberg (30. september 19594. september 2011) var ein norsk songar, musikant og låtskrivar frå Oslo. Ho musiserte i fleire ulike sjangrar innom populærmusikken, så som pop, country og rock.[1]

Heltberg platedebuterte i 1982 og hadde suksess med pop-albumet «Skrinet med det rare i».[1] Året etter kom «På bare bein», eit countryprega album produsert av Jonas Fjeld. Samarbeidet med Jonas Fjeld heldt fram med Når vi deler alt (1984). I 1985 kom Heltberg med «Du, Ikaros» og «Jeg er jeg». Sidan nådde ho i 1997 suksess med «Vinden veit», og i 2005 med «Mitt hjerte er ditt». Frå 2006 var Heltberg med i trioen Queen Bees, saman med Anita Skorgan og Rita Eriksen.[1] Den siste tida turnerte ho både med Henning Kvitnes og med Jonas Fjeld.

  1. 1,0 1,1 1,2 Askheim, Svein (21. april 2023). «Hilde Heltberg». Store norske leksikon (på norsk). 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search